BUA i Vestre Slidre

Friluftsliv er ein viktig del av livet i Vestre Slidre. For å hjelpe alle innbyggjarar til å bruke naturen har vi laga «Utstyrsbua».

 Her kan alle innbyggjarar låne utstyr for å kome i gang, eller om ein av andre grunnar ønsker å låne eller teste ut noko. Vil du på telttur med familien, så kan du låne telt (superlett lavvo), liggeunderlag, soveposer (med vaskbar lakenpose), primus, kjelesett, fiskesaker og store ryggsekkar i Utstyrsbua. Eller er du i tvil om dei neste skia dine skal vere felleski. Då kan du låne av oss. Eller kanskje har du rett og slett ikkje råd til ny sykkel akkurat no. Då kan du låne ein i utstyrsbua.

2024 © Vestre Slidre frivilligsentral